Roald valt til leiar i LVK og medlemsmøte

Ordførar Roald Aga Haug vart i dag samrøystes vald til leiar i Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK).

LVK er ein interesseorganisasjon for kommunar som er vertskap for vasskraftutbygging, og arbeider for å ivareta medlemskommunane sine interesser i alle spørsmål knytte til kraftutbygging og energipolitikk.

Som ein av dei viktigaste kraftkommunane i landet er Ullensvang kommune avhengig av eit sterkt LVK. Ullensvang Arbeidarparti er difor svært tilfreds med at ein lokal representant er vald til leiar for organisasjonen. Me er overtydde om at Roald Aga Haug vil forvalte vervet på ein god måte og arbeide til beste for kraftkommunane over heile landet.

Leiarvervet i LVK er dessverre ei heiltidsstilling. Dette inneber at Roald Aga Haug vil søkje fritak frå ordførarvervet. Han vil likevel halde fram som medlem av kommunestyret og formannskapet ut valperioden.

I tråd med avtalane som vart gjorde mellom partia i posisjonen etter lokalvalet i 2023, må Ullensvang Arbeidarparti peike ut ein ny ordførar som kan fullføre resten av valperioden. Kandidaten vil bli vald av styret og kommunestyregruppa på eit gruppemøte fyrstkomande måndag, og deretter presentert på medlemsmøtet onsdag 2. september.

Ullensvang Arbeidarparti vil rette ein stor takk til Roald Aga Haug for den imponerande innsatsen og dei gode resultata han har levert som ordførar gjennom dei siste 11 åra. Me ønskjer han lukke til i den nye rolla og ser fram til å følgje arbeidet som leiar i LVK.

Om medlemsmøte kl 18:00 onsdag 2. september:

Ullensvang AP får denne dagen besøk av stortingsrepresentant Benjamin Jakobsen (AP). Han vil også vere med i medlemsmøtet.

Agenda:

  • Politisk innlegg frå Benjamin Jakobsen
    • Moglegheit for spørsmål og innspel til ein av våre lokale stortingsrepresentantar.
  • Suppleringsval styret i Ullensvang AP
    • Etter fullmakt av årsmøtet
  • Informasjon om prosessen rundt suppleringsval av ny ordførar
    • Kandidat vald av styret/kommunestyregruppa 31.august
  • Valg 2027
    • Informasjon om arbeidet med program og nominasjonsliste
  • Ordet fritt
    • Kommunestyregruppa ynskjer innspel og forslag frå medlemmane